Digital festival er initiert av Deichman bibliotek, fylkesbiblioteket i Akershus og Seniornett, og erstattar det tidlegare Seniorsurf.

I samband med dette inviterer me seniorar til å lære meir om biblioteket sine nettressursar måndag 23. september kl. 12 på Gol bibliotek. Du blir kjent med nettsidene våre, m.a. søk etter bøker, bestilling/reservering og tilgang til e-bøker og digitale aviser.

Me hjelper også gjerne med anna relatert til nettbruk så sant me kan, men då er det fint om du gir oss beskjed på førehand.

For å få ein peikepinn på kor mange som kjem, vil me gjerne at du melder deg på. Det kan du gjera ved å stikke innom oss, ringe 32029280 / 90287526 eller sende oss ein e-post på gol.bibliotek@gol.kommune.no seinast torsdag 19. september.

Ta gjerne med eigen pc eller nettbrett/mobiltelefon og bli med på ei digital stund på biblioteket 🙂

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close