Forfattaren Emma Manin kjem til Gol bibliotek tysdag 12. oktober kl. 19. Ho er tidlegare sjukepleiar, oppvaksen på Leikanger i Sogn og ho vil fortelja om boka si Barnet i veven (https://www.nynorskbok.no/2020/09/04/emma-manin-barnet-i-veven/).

Denne romanen har handling frå Sogn, om Astri og Gunhild som får sine liv vevd tettare saman enn dei ynskjer. Tråden som bind dei er Hallvard. Han er gift med Gunhild, men gløymer aldri ungdomskjærasten Astri. Denne tråden utviklar seg i romanen gjennom kjærleik, barnløyse, utruskap, fødsel og forsoning. Djupast sett handlar det kanskje om forventningar og ynskje om å lukkast, enten det er som kunstnar eller som odelsfolk som skal føre garden vidare.

Foredraget omhandlar både skriveprosessen og historia i boka, og ei miniutstilling med biletvevar og gjenstandar frå epoken er også del av det.

Det blir høve til å låne eller kjøpe boka etter foredraget.

Gratis inngang og enkel servering – vel møtt!

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close