Igor og Almir byr på ein herleg konsert for små og store! Historia handlar om Igor som var på asylmottak då han var liten og fekk mange fetterar der. Favorittfetterane hans var Ali Baba, Baba Lillelam og Lille Lam Nam Ham frå Vietnam. Saman leikte dei med nordmenn og andre rare skapningar og lagde songar. Så reiste alle fetterane kvar sin veg. Igor tok songane med i studio og tente masse pengar på dei, og no vil han dele pengane med fetterane. Men fetterane er ikkje til å spore opp. Tru om dei er å finne nokon stad?

Manus og skodespel: Igor Dunderovic
Igors favoritt-trekkspelar: Almir Meskovic

Etter konserten kan du lage eit brev som samtidig er ein konvolutt. Kanskje du vil sende det til nokon du ikkje har sett på lenge? Eller til ein du er veldig, veldig glad i?

Passar frå 4 år og oppover.

Ål bibliotek, laurdag 7. oktober kl. 14.

Arr.: Ål bibliotek i samarbeid med Interkultur Drammen

Gratis inngang.

 

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close