Slik fungerer det:
– Du bestiller på nettet, på e-post eller på telefon.
– Du får ei hentemelding.
– Det du har bestilt blir lagt i ein pose og ligg ferdig registrert som utlånt på eit bord utanfor hovudinngangen til Ål kulturhus. Bordet vil stå der døgnet rundt. Me oppmodar om å hente bøkene så snart som råd etter bestilling.
– Bøker kan leverast i kassa ute til høgre for hovudinngangen.
– Treng du hjelp til å hente bøker? I samarbeid med frivilligsentralen kan me tilby levering heime for eldre og andre som har vanskeleg for å hente bøkene sjølve.

Kontaktinformasjon:

  • Ring oss på 32 08 51 20
  • Send e-post til: biblioteket@aal.kommune.no

For å finne ut kva me har tilgjengeleg, sjå biblioteket sine nettsider https://hallingdalsbiblioteka.no/al-bibliotek.

Smittevern
Tiltaket er sett i gang i samarbeid med beredskapsgruppa og kommuneoverlegen i kommunen. Me vaskar hendene før og etter handtering av bøkene. Alt som blir levert inn, vil stå i karantene i ein dag før det eventuelt kan lånast ut att.

Me er glade for at me har fått på plass dette tilbodet, inntil me kan opne dørene att!

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close