Magasinet

Forfattaren og redaktøren Nils Johan Rud var ei sentral stemme i norsk litteratur frå midten av 1930-talet. Som redaktør for Magasinet for alle (opprinneleg Arbeidermagasinet) frå 1932 til 1970 vart han ein mentor og hjelpar for meir enn ein generasjon norske forfattarar. Å bli publisert i Magasinet var ein viktig start for mellom andre Tor Jonsson, Agnar Mykle, Alf Prøysen, Inger Hagerup, Bjørg Vik og Kjell Askildsen.

 

 

 

Mons Georg Rud (Foto: Bård Svardal)

Denne kvelden vil Mons Georg Rud fortelje om far sin, Nils Johan, og hans forfattarskap og allsidige virke. Per Ove Nybråten les frå Nils Johan Rud sin litterære produksjon, og Synne Fredriksen syng Prøysen-viser akkompagnert av Audun Haugeplass.

 

Ål bibliotek
Måndag 17. september kl. 19
Gratis inngang!

 

 

 

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close