Vinterles

På kalde vinterkveldar, kva er vel betre enn å sitje i godstolen med noko varmt i koppen og ei god bok?

Biblioteka i Hallingdal arrangerte i 2017 for fyrste gong ein lesekampanje for vaksne – Vinterles. Me delte ut denne brosjyra med tips til bøker som bibliotektilsette i Hallingdal har valt ut. Det er bøker i ulike sjangrar, men alle har på ein eller annan måte noko med vinter å gjere.

Lesekampanjen varte frå 15. januar til 15. april. Me starta med ein bokkveld i kvart bibliotek. Tilsette i biblioteka anbefalte bøker frå Vinterlesbrosjyra. I februar hadde alle biblioteka besøk av den populære krimforfattaren Hans Olav Lahlum.

For å delta i konkurransen måtte publikum fylle ut ein svarslipp med boktitler ein hadde lese. Premiane var kinobillettar og ei originalteikning av Ingunn Wiken.

Me som arbeider i biblioteka i Hallingdal opplevde at dette var noko lånarane våre satte pris på. Me vil derfor fortsette med Vinterles neste gong kulda kjem krypande …