Biblioteka i Hallingdal inviterer på nytt til Vinterles, ein lesekampanje for vaksne. Temaet i år er reise – i ordets aller vidaste forstand.

For å delta i kampanjen må du lese minst tre bøker i perioden 10. januar til 15. april og fylle ut ein eller fleire svarslippar som du leverer på biblioteket ditt. La deg inspirere av boktipsa i denne brosjyren, eller skriv ned andre bøker du har lese. Du blir med i trekkinga av kinobillettar og ein flott skinnfell av gammalnorsk spælsau. Sauen har hatt eit godt liv hjå biblioteksjefen på Nes!

I januar inviterer me til inspirasjonskveldar i alle biblioteka i dalen, der bibliotektilsette presenterer bøker dei vil tilrå. I mars kjem Erika Fatland på besøk for å fortelje om si store reise gjennom alle land som grensar til det mektige Russland. Reisa resulterte i boka «Grensen».

Inspirasjonskveldar:
Tysdag 9. januar: Nes folkebibliotek kl. 19

Onsdag 10. januar: Gol bibliotek kl. 19
Torsdag 11. januar: Flå bibliotek kl. 19
Tysdag 16. januar: Geilo bibliotek kl. 19
Onsdag 17. januar: Ål bibliotek kl. 19
Torsdag 18. januar: Hemsedal folkebibliotek kl. 19

Erika Fatland:
Måndag 12. mars: Hemsedal bibliotek kl. 19

Tysdag 13. mars: Gol bibliotek kl. 18 og Nes folkebibliotek kl. 20
Onsdag 14. mars: Geilo bibliotek kl. 18 og Ål bibliotek kl. 20

Me som arbeider i biblioteka i Hallingdal ynskjer deg ein god vinter med mange fine leseopplevingar!

Brosjyre Vinterles 2018