Treng du tips til gode ungdomsbøker? Då er nettstaden uprisen.no noko for deg. Her skriv ungdom sjølv bokomtaler og kårar årets beste ungdomsbok. Du kan lese om nye bøker som nettopp har kome ut eller bla i arkivet for å finne omtaler av eldre bøker. Kanskje vil du også skrive din eigen bokomtale?