Velkomen til Ferrante-kveld i Hemsedal bibliotek!

Tysdag 10. april, kl. 20.00

Er du ein av dei mange som har likt bøkene til Elena Ferrante?
Kven som er namnet bak pseudonymet Ferrante er fortsatt ukjend, men det er få som kjenner bøkene hennar betre enn Kristin Sørsdal. Ho har omsett alle Ferrante sine bøker til norsk.
No kjem ho til Hemsedal bibliotek for å fortelje om Ferrante og jobben med å omsetje bøkene hennar.
Foredraget (omlag 45 min.) vil vere opent for innspel og spørsmål frå publikum.

Kristin Sørsdal har dei siste 3 åra omsett alt av Elena Ferrante, La frontiera av Alessandro Leogrande og gitt ut romanen Mare (Samlaget 2017) om den kritiske flyktningsituasjonen. Ho er lærar, omsettar og forfattar.

Arrangør: Trøll i ord-nemnda i Hemsedal mållag, i samarbeid med Hemsedal bibliotek