Måndag 29. mai hadde vi arrangementet «Bokflukt i fluktstol» på Hemsedal bibliotek – ein fin kveldstime der vi ga tips til sommarlesing. Her er bøkene vi presenterte:

Armenia, Albania, Argentina av Rønnaug Kleiva.
Sjølvbiografisk reiseroman om menneske på tvers av grenser.
I denne romanen, bygd opp av korte notat og forteljingar, følgjer vi hovudpersonen Rønnaug gjennom fleire land. Kontrastane er store når ho reiser gjennom både vanlege feriebyar og farlege utkantområde. Det handlar om å reise åleine i verda som vestleg kvinne. Rønnaug treffer gamle vennar og elskarar undervegs, og boka tematiserer det å bli eldre.

 

Ein vakker dag av Anna Gavalda.
Simon, Garance og Lola, tre vaksne søsken, stikk av frå eit familiebryllaup som ser ut til å bli ein prøvelse. Dei besøker heller den yngste broren sin, Vincent, som er guide ved eit slott i hjertet av Tours-området. For ei stund gløymer dei barna, ektefellane, skilsmissene og alle plikter, og bestemmer seg for å nyte ein siste dag saman, slik som det var i barndommen. Denne boka er lett, øm og full av humor, ein hyllest til gode søskenrelasjonar, til irriterande svigersøstrer, til franske vinar og bakeri.

 

Mot nordavinden av Daniel Glattauer.
Ein digital tilfeldigheit fører to ukjende menneske saman. Ein feilsendt e-post får Emmi og Leo til å byrje å skrive til kvarandre og det oppstår snart ein nærleik som kanskje ikkje hadde vore mogleg om det hadde møtt kvarandre på tradisjonelt vis. Det tar ikkje lang tid før dei to tenkjer på å møtast i verkelegheita, men vil den kontakta dei har oppnådd også fungere ansikt til ansikt? Dessutan er det det faktum at Emmi er gift – korleis går det når det ho og Leo følar for kvarandre byrjar å bli noko meir enn berre venskap?

 

En kort historie om traktoren i Ukraina av Marina Lewycka.
Dette er ein klok og humoristisk roman om ein fargerik immigrantfamilie frå Ukraina som har busett seg i England. Delvis farse og delvis slektsdrama, men også ein roman om den europeiske arven og dei siste femti åra av vår historie.

 


Sovjetistan av Erika Fatland.
Erika Fatland har reist til dei tidlegare sovjetrepublikkane Kasakhstan, Krigisistan, Tadsjikistan, Turkmenistan og Usbektistan og i denne boka tek ho lesaren med inn i dessa landa si eventyrlege historie, kultur og samfunn. Her er det møter med enkeltskjebnar, storslåtte landskap, dramatisk verdshistorie, diktatur og håp.

 

Om sommeren av Karl Ove Knausgård.
Denne boka passar godt å lesa sitjande i ein fluktstol, med utsikt til eit vakkert sommarlandskap, medan ein let tankane flyge. Om sommeren innheld fundering og forundring over alskens ting og fenomen ein assosierer med sommar. Til dømes rips, veps, grilling, campingplassar og krabbefiske. Og går det verkeleg an å ete to is etter kvarandre når ein er blitt vaksen?

 


Sommer uten brev av Line Baugstø.

Erling har reist til Alaska for å bli villmarksfotograf. Heime sit kona Sigrid og dei to små døtrene og ventar på far – og på pengar. Erling skriv stadig sjeldnare heim, og for å trøyste døtrene tek Sigrid over jobben med å skrive breva frå far. Dette er ein dempa, behageleg roman som inneheld både humor og tragedie, men som fyrst og fremst viser fram eit lite stykke Norge ein sommar for femti år sidan.

 

Charlotte av David Foenkinos.
Dokumentarisk roman om den tysk-jødiske målarinna Charlotte Salomon. Ho vaks opp i Berin i mellomkrigstida, og fekk i 1936 dispensasjon til å gå på Kunstakademiet som den einaste jødisk bakgrunn. Det vert ikkje eit enkelt liv! Ein stillferdig roman, med mykje innhald – her er det spenning, kjærleik, sorg, glede, undring ….


Utmarker av Arne Dahl.

Ei jente på 15 år er forsvunnen. Politietterforskar Sam Berger meiner forsvinninga må sjåast i samanheng med andre forsvinningar og drap på 15 år gamle jenter dei siste åra. Kollegane hans er ikkje einige med han, og Sam set i gang si eiga etterforsking. «Utmarker» er ei spennande og godt fortalt historie, som stadig tek nye og uventa retningar. Arne Dahl er ein svensk krimforfattar som har skrive mange bøker. Utmarker er fyrste bok i ein ny serie med Sam Berger og Molly Blom i hovudrollene. Bok nr 2 kjem på svensk no i vår, håpar den vert raskt overatt til norsk!

Drømmetyderens død av A.J. Kazinski.
Psykolog og draumetydar Evelyn Heiberg vert funnen drepen. Mordaren har vore grundig, ho har elleve djupe knivstikk. Gisselforhandlar Niels Bentzon vert satt på saka. samtidig som har meir enn nok med å forhalde seg til si svært alvorleg kreftsjuke kone. På PC-en til den drepne finn Niels ein e-post sendt til det berømte Jung Institutt i Zürich, der ho ber om hjelp til å tyde ein tilbakevendande draum som ein av hennar pasientar har. Kanskje kan han finne morderen dersom han kan tyde draumen? Dette er den fjerde boken om gisselforhandler Niels Bentzon.