Sommarles

Biblioteka i Hallingdal inviterer kvar sommar alle barn i alderen 6-12 år med på lesekampanjen Sommarles.
Sommarles er:

  • Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida sommerles.no. Barna lagar seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar lesne side.
  • Sommarles er for alle, og barna konkurrerer fyrst og fremst med seg sjølve. For kvar lesne bok dei registrerer på sommarles.no, får dei poeng og går etterkvart opp i nivå.
  • I Sommarles kan dei lese både vanlege bøker, e-bøker, lydbøker, teikneseriebøker, eller bli lest høgt for – all lesing tel og gjev poeng.
  • På sommarles.no kan dei finne boktips frå vennane sine og dei kan anbefale bøker til andre.
  • Barna får også tilgang til ei spennande fantasyforteljng, som kvart år er spesialskrive for Sommarles. Dei kan også løse oppgaver knyttet til denne forteljinga.
  • I tillegg til poeng kan barna også gjera seg fortjent til digitale troféar – og vi har ekte premiar som kan hentast på biblioteket!
  • Sommarles er for barn i 1.-7.klasse og varar frå 1. juni til 31. august.
  • Som avslutning på Sommarles har vi sommarlesfestar ved kvart bibliotek. Der har vi underhaldning, gjerne med forfattarbesøk, premieutdeling og is.

Sommarles gjer det gøy å lese!