Lån bøkene på biblioteket

Laurdag 10. september klokka 12 arrangerer Ål bibliotek fest på kulturhuset for dei som har vore med på leseaksjonen Sommarles i Ål. Påmeldingsfristen er måndag 5. september.
Donald-teiknaren Arild Midthun kjem på besøk, og det blir premietrekning og is!

Alle som har registrert minst ei bok eller gjort ei oppgåve på Sommarles.no skal ha fått invitasjon på epost. Spørsmål? Kontakt oss gjerne!