28. oktober er den årlege slektsforskardagen, og Gol historielag i samarbeid med Gol bibliotek arrangerer slektsgranskingskurs med Lars Ove Wangensteen kl. 12.30-15.30. Wangensteen har drive med slektsgransking i over 40 år, vore styremedlem og web-redaktør i Norsk Slektshistorisk Forening og halde mange kurs i slektsgransking.

På kurset vil du få informasjon om:
– digitale nettressursar og korleis du kan bruke desse
– systematikk og metodikk i slektsforsking
– kjeldekritikk
– korleis du kan koma i gang

I tillegg vil han fortelja om “Loa-Wilhelm og hans turbulente og kriminelle liv gjennom nesten 50 år”. Her gir han eit eksempel på kor vanskeleg det er å følgje reisande slekter. Wangensteen følgjer livsløpet til Loa-Wilhelm frå han vart født på Eidsvoll til han døde i Hedmark. Dette er ei fasinerande historie som viser at det er mogleg å finne mange opplysningar om personar i andre kjelder enn kyrkjebøker og folketeljingar.

Gratis inngang for dei som er medlemmer i Gol historielag, 150 kr for ikkje-medlemmer. Påmelding til Gol bibliotek. Vel møtt!