Treng du litt hjelp til å finne bøker du har lyst til å lesa? Prøv vårt Skreddarsydd bok-skjema, så kanskje me kan hjelpe deg. Fyll ut det du vil, og trykk “Send” nederst i skjemaet. Så lagar me ei liste med bokforslag, og denne lista kan du hente her på Gol bibliotek eller få tilsendt på e-post. Me sender deg også ei melding når bøkene er funne fram, og då har du ei vekes hentefrist.