Bibelutstilling – gamle og nye Biblar, på norsk og andre språk. Satt opp i samarbeid med kyrkja i Hemsedal, for å markere reformasjonsjubileet. I 2017 feirar Den norske kyrkje, saman med den lutherske kyrkja i verda, 500 års reformasjonsjubileum. Det er 500 år sidan Martin Luther hang opp sine 95 tesar i Wittenberg i Tyskland. Han var oppteken av at alle skulle kunne lese Bibelen på sitt eige morsmål og han var ivrig til omsetje Bibelen frå latin til tysk. Samtidig med omsetjing av Bibelen var denne tida starten på boktrykkekunsten. Dette var revolusjonerande! No kunne Bibelen distribuerast til alle og ein kvar, og alle hadde kunne ha ein Bibel heime hjå seg og lese den på morsmålet.

Utstillinga vert ståande til i midten av oktober, kom gjerne innom for å ta ein kikk!