Øyvind Wistrøm vil i foredraget forsøke å gi ei oversikt over situasjonen i Midtausten, både politisk og historisk, og over dei ulike aktørane og partane i konfliktane. Fokuset hans er særleg på Syria, Irak og Afghanistan, i tillegg til at han ser på Europa og USA si rolle.

Øyvind Wistrøm er høgskulelektor ved Høgskolen i Sørøst-Norge (HSN) og underviser mellom anna i internasjonal politikk. HSN lånar ut foredragshaldarar til utvalde folkebibliotek for å tilby popularisert forsking og kunnskap til folk flest.

Gratis inngang. Velkomen!

 

Øyvind Wistrøm