Memo – kurs for studentar og andre som vil lære seg teknikkar for å hugse betre.
Med Oddbjørn By, tidlegare verdsmeister i hukommelse, kjend frå mellom anna Norske Talenter, Puls og Newton.

Hemsedal bibliotek,
måndag 19. februar, kl. 18.00

Lær deg korleis du hugsar språk, namn, taler og foredrag, eksamen/kurs og mykje meir.
Elevar og studentar bruker tusenvis av timar på studering. Dette kurset på 2,5 timar vil spare deg for mykje tid og strev seinare i livet. Oddbjørn vil også fokusere på hukommelse i arbeidslivet og kvardagen. Ved å hugse meir effektivt kan du bruke tida på andre ting.

Gratis inngang. Kurset er støtta av Nasjonalbiblioteket.