8. klasse ved Hemsedal barne- og ungdomsskule inviterer til ein artig, personleg og stemningsfull kveld i biblioteket.

Torsdag 3. mai, 
kl. 18.30 – 20.00

Vi får høyre dikt dei har skrive sjølv, på halling og nynorsk. Dei har også laga songar, musikk, rap, lydkulisser og dramatiseringar til tekstane sine.

Inngang: kr 100 / 50 u. 18 år / 150 familiepris (hugs kontantar!)
Sal av kaffi, te, saft og kaker.
Inntektene går til Polentur

Arrangør: Foreldregruppa i 8. klasse