Nils Ivar Agøy:

Lutherdom, demokrati og velferdsstat

Det er i år 500 år sidan Martin Luther slo opp sine 95 teser på døra til slottskyrkja i Wittenberg. Kva for følgjer fekk reformasjonen for norsk politisk kultur frå 1800-tallet og framover? Kva har reformasjonen hatt å seie for demokratiseringa og utviklinga av velferdsstaten?

Nils Ivar Agøy gir oss spennande innsikt i dei samfunnsmessige langtidsverknadene av den lutherske reformasjonen i Norge.

Nils Ivar Agøy. Foto Håkon Glommen Eriksen

 

Nils Ivar Agøy (f. 1959) er professor i moderne historie ved Høgskolen i Sørøst-Norge og har i tillegg teologisk utdanning. Mest kjent er han kanskje for si brennande interesse for J.R.R. Tolkien, og for å ha omsett fleire av verka hans til norsk.

Onsdag 15. november kl. 19.15.
Stad: Ål bibliotek
Arr.: Ål kyrkjeakademi og Ål bibliotek