Randi Benedikte Brodersen, frå Universitet i Bergen og nettstaden sokogskriv.no, kjem til Hemsedal bibliotek for å halde kurs for studentar.
Kursa er for alle studentar, uansett nivå og studieretning. Du kan delta på alle kveldane, eller berre nokre utifrå behov og kva du har moglegheit til.

Kursa er lagt opp slik at du skal kunne prøve ut det du lærar i praksis, så fint om alle har med eigen pc/mac. Ta også gjerne med eigen tekst/oppgåve som du kan jobbe med på kurskveldane. Dersom du ikkje har ein slik tekst vil du likevel få mykje ut av kursa, men dei med eigne tekstar får moglegheit til å få rettleiing på dei.

Det er gratis å delta på kursa.

Torsdag 9. november kl. 17.30-21.00

Hovudtema: Introduksjon til akademiske skriving

  • Kjenneteikn og kvaliteter ved studenttekstar og andre akademiske tekstar
  • Frå ide til emne og problemstilling
  • Introduksjon til prosessorientert skriving og spontanskriving
  • Tid til eige skrivearbeid og rettleiing


Fredag 10. november kl. 17.30-21.00

Hovudtema: søking og kjeldevurdering

  • Korleis søke etter og finne relevant fagstoff
  • Korleis vurdere kjeldene dine

Torsdag 23. november kl. 17.30-21.00

Hovudtema: referansar, litteraturliste og Endnote

  • Korleis føre referansar innan dei forskjellege referansestilane
  • Korleis lage ei god litteraturliste
  • Introduksjon til Endnote

Obs! Fint om alle kan installere Endnote versjon X8 på eigen pc/mac før kurset. Sjekk med høgskulen/universitet du går på om du kan laste ned ein gratis versjon via dei. Eller du kan laste ned ein gratis prøveversjon frå www.alfasoft.no Kom innom biblioteket dersom du treng hjelp med dette.

Fredag 24. november kl 17.30-21.00

Hovudtema: argumentasjon og retorikk

  • Introduksjon til retorikk og argumentasjon i akademiske tekstar
  • Korleis bruke dette i praksis
  • Undersøking av eigen tekst med tanke på retorikk og argumentasjon
  • Tid til eige skrivearbeid og rettleiing

 

Det er ingen påmelding på studentkursa. Men gi gjerne beskjed til biblioteket om du kjem, så har me ein viss oversikt over kor mange deltakarar det blir.

E-post: hemsedal.bibliotek@hemsedal.kommune.no

Telefon: 31408950

 

Kursa er ein del av prosjektet Høgskulebiblioteket 622 moh og er støtta av Nasjonalbiblioteket.