Hemsedal bibliotek har fått midlar frå Nasjonalbiblioteket til å skape eit betre tilbod til studentar i Hemsedal frå hausten 2017. I samband med dette inviterer vi til studiegruppe og kurs for studentar i haust:

Oppstart studiegruppe torsdag 28. september kl. 19

Er du student og lei av å sitje aleine med studiane? Me startar opp studiegruppe på biblioteket. Her kan alle studentar, uansett fag og studieretning, kome for å jobbe saman. Sjølv om ein studerer forskjellege fag kan det vere god nytte i å jobbe saman.
Denne fyrste samlinga er ein moglegheit for de som studentar til å avtale korleis studiegruppa skal fungere og kva tidspunkt de vil møtast. Biblioteket vil også informere om sine tilbod til studentar.

Kurs for studentar

I november får me besøk av Randi Benedikte Brodersen frå nettsida sokogskriv.no.
Ho vil halde kurs for studentar 9. og 10. november og 23. og 24. november, på kveldstid. Meir info om innhaldet på kurset kjem seinare.