Frå Bjørneskogen til Løvebakken
– filmforestilling og kåseri med Arne Nævra

Ein av dei mest profilerte naturfilmskaparane i Norden viser storslåtte naturscener og nærmøter med ville dyr på det store lerretet – og kåserer over omstillinga til Stortingsliv og samfunnsspørsmål.

Velkomen til ein kveld med flott natur, spennande tema og aktuelle spørsmål. Arne Nævra kom inn på Storinget etter valet i haust og er SVs representant frå Buskerud.

Hemsedal bibliotek,
torsdag 4. januar, kl. 19.00 – 21.00.

Arrangementet er ope for alle interesserte, enkel bevertning.
Arr: Hemsedal SV.