Else “Sprossa” Rønnevig kjem til Ål bibliotek med foredraget “Gamle hus, muligheter, vern og bruk” tysdag 12. april 19.00. Arrangementet blir skipa i samband med Ål bygdekvinnelag, Hallingdal museum og Ål historielag.

I mange år har Rønnevig arbeidd for å ta vare på norsk kulturarv, og har i over 30 år drive eige firma med rådgjeving og kurs innan kulturvern og bygningsmiljø. Rønnevig fekk tilnamnet ”Sprossa” då ho rundt 1980 engasjerte seg for å bevare og restaurere originale vindauge i gamle hus. Ho har motteke ei rekkje prisar for arbeidet sitt, mellom anna Riksantikvarens kulturminnepris i 2015 for innsatsen sin innan bygningsbevaring. I 2012 fekk ho Kongens Fortjenestemedalje.

Det blir enkel matservering og boksal.

Inngang kr 150

Det blir også høve til å sjå restaurerte bygningar på Ål bygdamuseum i forkant av foredraget, klokka 17.30. Pris for omvisning: kr 50

Heimeside: http://www.sprossa.no/

Finn “Sprossa” sine bøker på biblioteket.