Erika Fatland Foto: Tine Poppe

I forbindelse med Vinterles kjem Erika Fatland til Hallingdalsbiblioteka for å snakka om den nye boka si, «Grensen». Forfattaren bak suksessen «Sovjetistan» har vore på ei endå meir eventyrleg reise – langs grensa til verdas største land, Russland.

Erika Fatland kjem opphavleg frå Ølen, og har skrive bøker for både barn og vaksne. Gjennombrotet kom med «Sovjetistan» i 2015, der ho besøkte alle dei tidlegare sovjetstatane. Reisa denne gongen har gått frå fra Nord-Korea i det fjerne Østen, langs Kaukasus, over Det kaspiske hav og Svartehavet. Me blir med henne til Ukraina, der president Putin ekspanderer, og opp gjennom Aust-Europa, til vår eiga grense mot Russland. Reisa blir avslutta med båt gjennom nordaustpassasjen – ei båtreise som har blitt mulig etter klimaendringene. Med kunnskap om landa og historia deira, og gjennom møte med menneske, viser Erika Fatland korleis desse svært ulike landa alle blir påverka av den mektige naboen.

Hemsedal folkebibliotek: Måndag 12. mars kl. 19.00
Gol bibliotek: Tysdag 13. mars kl. 18.00
Nes folkebibliotek: Tysdag 13. mars kl. 20.00
Hol folkebibliotek: Onsdag 14. mars kl. 18.00
Ål bibliotek: Onsdag 14. mars kl. 20.00

Gratis inngang
Forfatteren signerer bøker sine etter foredraget.