Kloden blir varmare, og energi eit heitt tema. Kva bør me gjere privat, nasjonalt og globalt for å møte energiutfordringane?

Skal me velje det mest miljøvennlege eller billigaste alternativet? Skal me legge ned arbeidsplassar som gir store klimagassutslepp? Skal me eksportere miljøvennleg energi? Er el-bil miljøvennleg?

Dette er blant spørsmåla Lars Erik Øi vil ta opp i foredraget sitt. Det blir opna for spørsmål frå publikum og diskusjon etter foredraget.

Lars Erik Øi er professor på Institutt for prosess-, energi- og miljøteknologi ved Høgskolen i Sørøst-Norge (HSN). Han er utdanna sivilingeniør i kjemiteknikk og har doktorgrad på CO2-fangst.
Ål bibliotek får gjennom ei samarbeidsavtale med HSN låne forskarar som vil formidle kunnskapen sin ut til folk flest.

Ål bibliotek, 12. oktober kl. 19.30.

Gratis inngang.

Foredrag ved Lars Erik Øi

Lars Erik Øi