Hege Rimestad

Laurdag slår musikaren Hege Rimestad opp teltet sitt i Ål bibliotek og inviterer dei yngste til å høyre «Dyriske strofer».

«Dyriske strofer» er eit nytt konsertprogram for barn. Det er prega av sangglede, nysgjerrigheit på natur og dyreliv og ein god porsjon påfunn og fantasi. På turen har Rimestad med seg både fele, ukulele og andre instrument. Repertoaret består av songar om alle dyra ein kan møte i skogen.

Hege Rimestad har vore ein av landets mest profilerte felespelarar sidan ho var med i Amtmandens Døtre og Veslefrikk på 70-talet. Ho har også spelt med Mari Boine og ei rekkje andre musikarar, og mange vil kjenne henne som Rødnissejenta i Jul i Blåfjell. Men på laurdag slår ho altså opp teltet sitt heilt åleine, i ein skog av bøker i barneavdelinga i biblioteket.