Lilly er ho som elskar å springe, og er flink til det. Ho som begynner å få pupper, men hatar å prøve bh med mote-mamma. Ho som – saman med bestevenen Are – legg planar om å drikke på fest for første gang. Som kunne vore som alle andre jenter, viss det berre ikkje var for den eine tingen som alle ser: ho har hareskår. Ho er stygg. Ikkje verd å sjå to gongar på. Ho har alltid visst det, så kva er nytt med det no? Det er dette: ho har blitt forelska. I Are.
Biblioteka i Hallingdal har boka både som e-bok og vanleg bok, sjå her om boka er inne ved eit av biblioteka.
Synne M. Fredriksen, Ål bibliotek