I 2016 deltok biblioteka i Hallingdal i “Arenautvikling 2015-2016 – Buskerudverkstedet”. Det var eit samarbeidsprosjekt mellom Buskerud fylkesbibliotek og folkebiblioteka i Buskerud. Mål for prosjektet var mellom anna å oppgradere bibliotekas utstyr og lokale for verkstad og andre sosiale aktivitetar, styrke biblioteka som skapande og sosiale rom og legge til rette for at innbygjarane tilegner seg og utviklar ny kunnskap på biblioteket. Biblioteka kunne søke om tilskot til å tilrettelegge bibliotekrommet for verkstadaktivitetar og andre sosiale aktivitetar.

På Gol bibliotek hadde me to dagar med Lego-verksted i haustferien, 5. – 6. oktober. Det var ca. 150-200 deltakarar begge dagane.

Hemsedal folkebibliotek hadde teikneseriekurs med Arild Midthun, 15 deltakarar, og legoverkstad med ca 70 ungar innom.

Hol folkebibliotek hadde toveverksted for born 12. november i samarbeid med Hol husflidslag der fem born deltok under kyndig leiing av Teresa Kaupang. 26. november og 10, desember hadde me introduksjonskurs i miniatyrpelet Warhammer med Kenneth Trasti-Smestad og Ronni Skogheim Keil som instruktørar. Kurset vart raskt fylt opp med 10 deltakarar på kvar dag. 10. desember var det juleverkstad for 30 born og nokre vaksne.

Nes folkebibliotek hadde to arrangement:
Lær kidsa koding med oppstartskveld 14. mars med inspirator Geir Arne Hjelle frå Lær kidsa koding. 26 born møtte opp denne kvelden. Me hadde sidan 10 kodekvelder med varierande oppmøte. Etter sommaren hadde me ingen til å følgje opp/leie kodeklubben vidare.
Filmkurs med John Storhaug fra «Filmprodusentane» 7. og 14. november. Me lærte mykje om kva som er viktig å hugse på når ein filmar – eller tek bilete. Mellom annet bildekomposisjon, kamerainnstillingar, bruk av stativ, bruk av håndholdt kamera, lyssetting, bruk av mikrofon, chromakey og andre «filmtriks, bruk av mobiltelefon som kamera, enkel redigering, visningsformat og nettdistribusjon, kvitbalanse og andre innstillingar på eit videokamera. 4 personar deltok på kurset.

Ål bibliotek hadde teikneserieverkstad med Arild Midtun laurdag 29. okt. for 14 barn.
«Lær kidsa filming» med Filmprodusentane gjekk over to kveldar, måndag 31. oktober og tysdag 1. november. Her var det fem 8.-klassingar med.

 

Nokre av produkta frå legoverkstaden på Gol

Ivrige legobyggjarar i Hemsedal

Lær kidsa koding, Nes

Filmkurs på Nes med John Storhaug

Videofilming på Ål

Arild Midthun teiknar på Ål bibliotek