Tysdag 20. september var Brit Aasberg frå Hol folkebibliotek og Synne Fredriksen frå Ål bibliotek med på studietur med Norsk Bibliotekforening Buskerud til Oslo. Planen var besøk på Biblo Tøyen og lunsj og omvising på Bymuseet.

Tøyen filial. Foto: S. Fredriksen

Tøyen filial. Foto: S. Fredriksen

 

Utanfor Tøyen møtte gruppa filialsjef Reinert Mithassel, som fortalde om ein bydel i utvikling og om den politiske bakgrunnen for satsinga på nye filialar på Tøyen. Han tok oss så med inn i Tøyen filial, som er sjarmerande med gjenbrukte møblar, svarte tavler til skilt og «rom i rommet» bak forheng. Stilmessig kunne dette gjerne vore ein britisk bokhandel!

Filialen har «meirope» slik at brukarar kan låse seg inn utanom betjent opningstid, og mange gjer dette. I kjellaretasjen var det ein liten scene og plass til om lag 100 publikummarar. Fleire kjente underhaldarar har kontakta biblioteket for å få opptre der.

Etterpå besøkte me «himmelriket» – Biblo Tøyen,

Foto: T.K. Kristoffersen

Brit og Synne speler sjakk i ein av gondolvognene. Foto: T.K. Kristoffersen

ungdomsavdelinga som eigentleg berre er ope for 10-15-åringar. Av med skoa, og så fekk me likevel kome inn. Ynskjer frå målgruppa og tilpassing til korleis ungdom flest tenkjer og beveger seg var den røde tråden i utviklinga av konseptet, og arkitekt og tilbydarar hadde vore både fantasifulle og kvalitetsbevisste. Det meste av møblar (også bokhyller) er flyttbare – nokre langs skinner i taket – så det var gode høve for endring og fornying.

Reinert Mithassel og utlånsautomaten. Foto: S. Fredriksen

Mithassel og utlånsautomaten.
Foto: S. Fredriksen

Biblo Tøyen har faktisk sitt eige biblioteksystem, utvikla av ei gruppe datakyndige 17-åringar i løpet av få månader. Utlånssystemet er enkelt og særleg tilpassa dei unge brukarane, og bøkene står kategorisert etter kategoriar ungdommane sjølv fann på. Nøkkelordet er fleksibilitet: bøkene kan bytte plass, og kvar morgon blir hyllene scanna så ein kan søkje opp hylleplasseringa (scanne-drone blir visst det neste store! Les meir om Biblo Tøyen i Østkantliv).

Etter Tøyen gjekk bussen til Vestkanten, nærare bestemt Frognerparken og Oslo museum. Etter ein flott lunsj i solsteiken på Frogner hovedgård fekk me foredrag ved museumsdirektør Lars Emil Hansen og omvising i «OsLove»-delen av Bymuseet (meir om denne her). Utstillingane var organisert etter tidsperiode og fokuserte særleg på fysisk byutvikling og innvandring. Kart, gjenstander, fotografi og multimedia (lyd/ video) viste fram byen på ulike vis. Her fekk me tips til «oppussing» av eigne lokalsamlingar!

Begge utsendingane frå Hallingdalsbiblioteka var særs nøgde med byturen!