Bokmessa i Hallingdal 2017 fredag 17.  og laurdag 18. november

Biblioteka i Hallingdal og Norli Ål arrangerer i november kvart år bokmesse i Ål kulturhus. Hit kjem forfattarar av lokalt og nasjonalt format for å møte lesarane sine og presentere nye bøker. På boktorget kan du handle harde julegåver, slå av ein prat med forfattarane og få signert bøker. Det er også eige barneprogram med gratis inngang for barn.

Sjå program her!

Årets bokmesse opnar fredags kveld med musikk og lyrikk i biblioteket. Odveig Klyve framfører tekstar frå diktsamlinga «La oss ta den blå himmelen med storm» saman med musikarane Erlend Apneseth og Stephan Meidell.

Laurdag byr me på gode forfattarsamtaler, presentasjon av årets lokale bøker, stort boktorg og open kafé heile dagen. Desse kjem:

  • Geir Lundestad
  • Monica Isakstuen
  • Bergljot Kaslegard
  • Ingunn Thon
  • Thor Warberg
  • Eva Almhjell frå Sletto-selskapet
  • Magne Akervoll og Knut Brøto frå Nes historielag
  • m.fl.

Dei minste kan oppleve musikk- og teaterforestillinga «Andungen», basert på eventyret “Den stygge andungen” av H.C. Andersen.

Velkomen til Bokmessa i Hallingdal!