I 2017 feirer Den norske kyrkje Reformasjonsjubileet. Det er 500 år sidan Martin Luther hang opp sine 95 tesar i Wittenberg i Tyskland. I samband med dette vil Hemsedal kyrkjelyd, i samarbeid med Hemsedal bibliotek, sette opp ei bibelutstilling, med utstilling av Biblar frå eldre og nyare tid.

Bibelen stod sentralt hos Martin Luther. Han var oppteken av at alle skulle kunne lese Bibelen på sitt eige morsmål og han var ivrig til omsetje Bibelen frå latin til tysk. Samtidig med omsetjing av Bibelen var denne tida starten på boktrykkekunsten. Dette var revolusjonerande! No kunne Bibelen distribuerast til alle og ein kvar, og alle hadde kunne ha ein Bibel heime hjå seg og lese den på morsmålet.

Har du ein Bibel? Gamal eller ny? Ein familiebibel, barnebibel, teikneseriebibel, ein Bibel på eit anna språk? Kan vi få låne den/dei til bibelutstillinga i haust?
Eller har du ein Bibel som det er knytt ei historie til? Vi vil gjerne høyre den!

Ta kontakt med Hemsedal folkebibliotek eller Hemsedal kyrkjekontor.
Tlf: 31 40 89 50/31 40 88 45. Biblar leverast til biblioteket.

Den offisielle opninga av Bibelutstillinga er 21. september, kl. 19.00. Det vert innslag av lokale historier, musikk og litt om Reformasjonen. Utstillinga vert ståande til midten av oktober.