Lånereglar for biblioteka i Hallingdal:

  • Å låne i biblioteket er gratis.
  • Alle som skal låne må ha lånekort. Lånarar under 15 år må ha underskrift frå føresette, lånarar over 15 år må syne legitimasjon for å få lånekort. Lånekortet er personleg. Kortet kan brukast ved alle folkebibliotek i Noreg. Tap av lånekortet må straks meldast til biblioteket. Nytt lånekort vert laga mot eit mot gebyr.
  • Institusjonar kan etter avtale få lånekort for materiale til bruk i eiga verksemd. Institusjonen må oppgi ein ansvarsperson. Tap og skadar må erstattast etter samme reglar som for personlege lånarar.
  • Lånetida er som hovudregel fire veker. Dersom materialet ikkje er reservert av andre, kan lånet fornyast inntil tre gonger. For spesielle samlingar har biblioteket eigne reglar.
  • Lånaren er ansvarleg for det som star registrert på lånekortet, og ved tap og skadar må materialet erstattast. Føresette er ansvarlege for materiale lånt av barn og ungdom opp til 18 år.
  • Lånaren må overhalde fastsett lånetid. Det må betalast gebyr etter vedtekne satsar for materiale som ikkje er levert i rett tid.
  • Lånaren er ansvarleg for å melde frå om endringar av telefonnummer, adresse og e-postadresse.
  • Brot på lånereglane kan føre til tap av låneretten.