Velkomen til biblioteka i Hallingdal!

Hallingdalsbiblioteka er biblioteka i Flå, Nes, Gol, Ål, Hol og Hemsedal. Biblioteka i Hallingdal har hatt eit forpliktande og utviklande samarbeid i mange år. Vi har felles datasystem, lånarregister og database. Samarbeidet mellom biblioteka utnyttar kompetanse og ressursar til beste for brukarane i Hallingdal.

Kva finn du på biblioteket?

  • Bøker, lydbøker og e-bøker for alle aldrar.
  • Filmar og musikk.
  • Lokalhistoriske samlingar.
  • Oppslagsverk og leksika.
  • Aviser, både papirutgåve og i digital fulltekst. Sjekk kva som er tilgjengeleg ved ditt bibliotek.
  • Godt utval av både lokale og nasjonale tidsskrift.
  • Offentleg informasjon – både frå kommunane, fylkeskommunen og staten.

Pc og trådlaust nettverk på bibliotek.
Alle biblioteka i Hallingdal har datamaskiner du kan bruke. Om du har med deg eigen pc kan du bruke bibliotekets trådlause nettverk gratis.

Arrangement.
Biblioteka i Hallingdal har jamnleg ulike typar arrangement – både for born og vaksne, til både glede og diskusjon. Fylg med på heimesida vår for informasjon.